Detaljer
Konsertarenaen og sal av mat/drikke opnar kl.18.00. Konserten startar kl. 20.00. Merk at dette er ein utekonsert så klede etter været er å anbefale. Frank «Tønes» Tønnesen kjem frå Sokndal i Rogaland og er ein av dei beste låtskrivere og tekstforfattere i landet. I tekstane nyttar han Sokndal-dialekt og fortel underfundige og humoristiske historiar om små og store ting. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for sine finurlige og innsiktsfulle dialekttekstar. Tønes har gjeve ut åtte album, fire EP-ar og har skrive bok. Han har vunne Prøysenprisen, Dialektprisen og fire Spellemannsprisar (tre for Vise og ein for tekstforfattar). Han er verdskjent i sitt heimfylke, Rogaland, men har òg vorte godt kjent i resten av landet, mellom anna grunna sine mange musikkprisar og at har vore gjest hjå Lindmo fleire gonger. Me er særs stolte av å kunna presentera Tønes på Skrivargarden på Hesthamar i sommar. Med seg til denne konserten har han Anne Lise Frøkedal på gitar og vokal.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
20/07 2024 kl 18:00