Holy Ghost Band med Las Angelitas

Holy Ghost Band til naturskjønne Kråen Gard 25. mai Laurdag 25. mai blir Holy Ghost Band å høyre på Kråen Gard i Hallebygda. Ein fantastisk flott gard omgitt av vakker natur og med alle...
25.mai
-
kl 19:00

Detaljer

Holy Ghost Band til naturskjønne Kråen Gard 25. mai Laurdag 25. mai blir Holy Ghost Band å høyre på Kråen Gard i Hallebygda. Ein fantastisk flott gard omgitt av vakker natur og med alle fasiliteter. Bandet inviterer til god låvestemning med eigenkomponert musikk samt musikk frå kjende artistar som Santana, Dire Straits, Pink Floyd, Larry Norman med fleire. Vi tek også med oss suksesskonseptet Salmer på pøbb og syng nokre kjente salmar med fullt band. Konserten er lagt opp med to avdelingar slik at det skal bli rikeleg tid til å prate og få kjøpt seg noko i Kråen Gard som opnar klokka 19.00 og held ope utover den lyse vårkvelden. Las Angelitas (dei små englane) har ved fleire høve spelt saman med Holy Ghost Band og dei vert med bandet også på Kråen Gard. Las Angelitas er ein del av den fantastiske blåserekka til Feel It på Larsnes. Las Angelitas består av Marlen Hauge Knotten – trombone, Guro Hauge Rovde – trompet, Susann Worren Hauge - saxofon. Holy Ghost Band garanterer ein koseleg kveld, der alt kan skje og med høg allsongfaktor. Dette blir også første konserten med bandets nye keyboardist Ole Christian Engkrog som bla.a. har spelt i rockebillybandet Cool Cats. I tillegg består bandet av vokalist Mari Ann Vattøy og Einfrid Grindheim, Herman Klungsøyr, gitar, Magne Grimstad jr., bass, Hans Olav-Vattøy, trommer og Åge Grimstad, perkusjon. Dette blir ein kveld i Holy Ghost Band ånd med skjemt og alvor. Noko å glede seg til iallefall. Les meir om garden her: https://www.kraengard.no/

Praktisk info

Enjoy-kode: 460535
Type
Konserter
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
25/05 2024 kl 19:00
Kråen Gard 253 Hallebygda
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.