Detaljer
For fjerde år på rad inviterar Stiftinga Giskespelet og Giske kyrkje inn til historiekveld. Vi fortset i fotspora til Heilag Olav og Arnungane. Året er 1024 og kristenretten vert vedtatt i Noreg. Igjen har vi henta inn spanande føredragshaldarar og er særs nøgde med å ønske rettshistoriker Jørn Øyrehagen Sunde velkomen tilbake. Han skal snakke om "Kristenretten i eit europeisk menneskerettsperspektiv". Vi vonar også at han er innom Magnus Lagabø si landslov, som i år også har jubileum. som begge kan seiast å representere viktige milepelar i Noregs veg frå klans-samfunn til rettsstat. Det same ønsker vi Øystein Ekroll. Ekroll er arkeolog og forsker. Han har mellom anna magistergrad i nordisk middelalderarkeologi og er førsteamanuensis ved Nidaros domkirke sine restaureringsarbeider. I lag med dei kjem også vår eigen historikar, Arne Tunheim og Giske mannskor. Ein historiekveld vel verd å få vite meir om, med andre ord. Med eit begrensa billettantal, sikre deg plass allereie no. Oppdatering: ver merksam på at nytt tidspunkt er lagt til. Arrangementet startar kl. 16.00 og ikkje 18.00 som tidlegare varsla.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
21/06 2024 kl 16:00