Translyria, Shakespeare // USF Verftet

TRANSLYRIA SHAKESPEARE Samansett av Frode Gjerløw Translyria er eit stort kostymedrama, og i denne framsyninga vert kjønnsrollene utfordra på alle tenkelege måtar: Kvinne spelar mann fødd som...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

22.mar
2019
kl 19:00

Detaljer

TRANSLYRIA SHAKESPEARE Samansett av Frode Gjerløw

Translyria er eit stort kostymedrama, og i denne framsyninga vert kjønnsrollene utfordra på alle tenkelege måtar: Kvinne spelar mann fødd som kvinne. Kvinne spelar kvinne som kler seg ut som mann. Kvinne spelar mann som utøver makt over kvinner, og mann spelar kvinne som blir undertrykt av menn - alt dette i ein tragedie Shakespeare ikkje visste at han skreiv.

Tekstane i Translyria er henta frå kjende verk som «Romeo og Julie», «Helligtrekongersaften», «Macbeth», «Hamlet», «Som du vil», «Når trollet skal temmast» og «Richard III». Med meir enn 25 utdrag frå klassikarane til Shakespeare har regissør Frode Gjerløw laga ein moderne klassikar om kjønn.

Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne Sebastian. Ho blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd, der eit fatalt familiedrama utspelar seg. No er spørsmålet: vil ho klare å finne broren før han bestemmer seg for å vere eller ikkje vere?

William Shakespeare er ein stor del av sjølve teaterarva, og er den mest spelte dramatikaren i verda. Historiene til Shakespeare har forma dei historiene vi fortel kvarandre i dag, og vi ser at Shakespeare sine komediar og tragediar frå 1600-talet er tidlause både når det gjeld tema og karakterar.

Med: Sulekha Ali Omar, Anders Firing Aardal, Ida Løken Valkeapää, Benedikte Karina Sandberg og Preben LillebøRongve

Av: William Shakespeare

Omsetjing: Edvard Hoem

Omarbeiding og regi: Frode Gjerløw

Scenograf og kostymedesignar: Ellan Parry

Lysdesignar: Kaja Glenne Lund

Lyddesignar:Ross Flight

Plakatfoto: Thomas Morel

Praktisk info

Enjoy-kode: 932201
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker