Generasjon Prestasjon

Korleis førbyggje og endre ein kvardag der dei unge oppleverein situasjon der press, krav og forventningar om gode prestasjonar og suksess stadig aukar. Noko som gjer dei slitne, deprimerte og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

08.mai
2019
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 901080
Type
Læring
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Korleis førbyggje og endre ein kvardag der dei unge oppleverein situasjon der press, krav og forventningar om gode prestasjonar og suksess stadig aukar. Noko som gjer dei slitne, deprimerte og passive. Men òg ein situasjon der dei unge sjølv ofte har dei høgaste forventningane samstundes som dei er sin eigen strengaste kritikar.

Den digitaliserte kvardagen har bidrege til at dagens unge har mykje fokus på kva dei gjer enn kven dei er. Dette forsterkar usikkerheit og tvil. Dei siste «Ung Data undersøkelsane» konkluderar med at dei unge blir stadig meir «ordentlege», men at dei sliter stadig meir psykisk.

Dette føredraget fokuserar på:

Kva er grunnane til utviklinga av Generasjon Prestasjon?

I eit stadig meir komplekst samfunn er det ein forutsetning at born og ungdom i dag må frede sjølvbilete sitt og forstå at kvardagane sine oppturar og nedturar er sjølve livet – og vi må ikkje ta desse opplevingane personleg. Og dei må forstå at dei må lære seg å handtere press og stress på ein betre måte og på ein ulik måte i forhold til tidlegare generasjonar. Dei må bli flinkare til å sette grenser og stå opp for seg sjølv. Å føle seg God Nok er grunnmuren for å fungere godt i kvardagen.

Andre viktige temaer:

Kven er du – kva er din personlegheit, dine behov, dine verdiar og dine draumar?

Korleis skal du klare å handtere press og stress i kvardagen?

Korleis kan du føle deg God Nok og utvikle eit godt sjølvbilete?

Kva skal du gjere for å stå opp for deg sjølv og dei vala du tek?

Korleis kan vi som foreldre vere gode rollemodellar i å styrke våre born til å bli komfortable med å takle det ukomfortable?

Korleis kan dei unge sjølv bli styrka til å takle og stå opp for seg sjølv i kvardagen?

Verktøy og redskapar for å bremse ei utvikling der vi heile tida stiller spørsmål ved vår verdi gjennom å ta ting personleg.

Og korleis kan vi styrke ein utvikling der vi forstår at det er viktigare å like seg sjølv – enn å bli likt av andre.

Og at det å gjere sitt beste er viktigare enn å vere perfekt.

Målgruppe:

Føredraget er retta mot ungdommane sjølv, mot foreldre, øvrig familie og ikkje minst alle pedagogar, omsorgsarbeidarar og alle som jobbar med og er interessert i dei unge si framtid. Og som forstår at når dei unge har ein god kvardag prega av motivasjon, tryggheit, meistring og opplevd meining, så vil dette auke deira optimisme og framtidshåp!

Kart