Heim

HEIM Ei musikalsk vestlandskrønike, del 1: 1965 -1975 I første kapittel av Hordaland Teater si nye storsatsing skal vi vitje fylket vårt i åra mellom 1965 og 1975. Eit imponerande lag av sterke...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

26.apr
2019
kl 21:00

Detaljer

HEIM

Ei musikalsk vestlandskrønike, del 1: 1965 -1975

I første kapittel av Hordaland Teater si nye storsatsing skal vi vitje fylket vårt i åra mellom 1965 og 1975. Eit imponerande lag av sterke vestnorske stemmer har tatt imot utfordringa om saman å skrive fram eit bilete om kven vi var då. Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss? Vi vil invitere publikum med til å minnast hendingane, songane og livet den gongen. I eit leikent teaterspråk flyttar vi oss frå Mongstad til Ulvik, frå Askøyferja til Vossevangen og midt i alle hendingane står Vaksne Herrers Orkester med eit solid soundtrack som tek oss tilbake.

Vær med frå starten i denne krønika som vil levere nye kapittel kvart år framover på Hordaland Teater.

HEIM av Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Bjørn Sortland, Marie Amdam, Mari Hesjedal, Ingrid Jørgensen, Marit Eikemo og Sigrid Moldestad.

Med: Sigurd Sele, Claus Sellevoll, Sigrid Moldestad, Anne Wiik og Ljudmil Nikolov.

Voksne Herrers orkester: Thomas T. Dahl, Harald Dahlstrøm, Steinar Krokstad og Ole Marius Sandberg

Regi:Olav MyrtvedtTora Troe Koreograf: Hilde Sol Erdal

Kostymedesign:Lise Christensen

Praktisk info

Enjoy-kode: 899538
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Kilde
Eventim

Sponsede linker