OP kode: 806039

TOTO Tribute // Larris Scene

FREDAG 29 mars er endeleg TOTO TRIBUTE tilbake på LARRIS SCENE

- Dørene opnar kl. 22:00 // Konsertstart kl 23:00
- Bill. kr. 199,- / kr. 149,- (studentar)
- Aldersgrense 20 år.

Fredag 29.mars er...
  • Oversikt
  • Kart
  • Omtaler (0)
  • Spørsmål
FREDAG 29 mars er endeleg TOTO TRIBUTE tilbake på LARRIS SCENE

- Dørene opnar kl. 22:00 // Konsertstart kl 23:00
- Bill. kr. 199,- / kr. 149,- (studentar)
- Aldersgrense 20 år.

Fredag 29.mars er det duka for Toto tribute på Larris scene i Førde.

Toto Tribute har i løpet av kort tid opparbeidd seg eit rykte både som ein spennande formidlar av det amerikanske bandet Toto sin musikk, og som eit framifrå liveband. Bandmedlemmene har musikalsk bakgrunn ikkje berre frå rock, men også frå ei rekke andre sjangrar. Saman presenterer dei eit tverrsnitt av karriera til førtiårsjubilanten Toto, med hovudvekt på dei første ti åra. Toto Tribute beveger seg lett og elegant mellom ulike sjangrar, frå hardrock via pop og soul til funk og jazz. Signaturlåtar som Africa, Hold the Line og Rosanna er sjølvsagt med, låtar som appellerer til stadig nye generasjonar og som aldri ser ut til å gå ut på dato. I tillegg serverer bandet ei rekke andre kjende, men og nokre mindre kjende, låtar.

Toto tribute består av to vokalistar, Anita Nordheim og Marte Kristine Nordheim, som deler på vokaloppgåvene og som utfyller kvarandre perfekt. Vidare består bandet av Costel Laptes Costello på keyboard og Vidar Nygard på gitar. Og det heile blir bunde saman av ein hardtslåande og groovy rytmeseksjon med Roger Pettersen på bass og Arvid Lønne på trommer.

Bandet som entrar scena på Larris fredag 29. mars lover ein kveld fylt av kontrastar, frå rock til silkemjuk soul/funk og vakre balladar, alt levert med trøkk, energi og kvalitet.

Kart

Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Storehagen 2
Førde

Omtaler (0)

Takk! Ditt spørsmål er nå registert. Forhåpentligvis vil noen legge ut et svar om kort tid. Du får en e-post når spørsmålet ditt blir besvart.

Takk! Din omtale er nå registrert og du har nå fått 15 poeng! som takk! Fortsett den gode jobben!

Spørsmål (0)