Aktuelle alternativer
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Detaljer
BREIDABLIK OPP Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekorden på 42:35 frå 2018 stå for fall i år? Legenda Stian Angermund-Vik innehar den offisielle rekorden. Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp
Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018
Fjellparadiset sett frå lufta. Dronefoto: Bergen og Hordaland Turlag
Trasé: Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: [https://www.ut.no/tur/2.5086/]https://www.ut.no/tur/2.5086/ [https://www.ut.no/tur/2.5086/]
Reglar: Konkurranseklasse:
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
- Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.
Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 10 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle!
Pris: Konkurranseklasse: kr 400 Trimklasse: kr 150
[https://tuploads.s3-eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/3245/aO-940.jpeg]Målportalen er ei flyboren rot!
To legender: grunnleggjar av Breidablik, Bjarne Huse, flankert av verdsrekordhaldar Stian Angermund-Vik.
Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!