Besøk på Lauvsnes gartneri, Finnøy

Smaksoppleving gjennom tomatar og trivsel Trivsel og pågangsmot er dei viktigaste faktorane for at Lauvsnes Gartneri har femdobla produksjonen på mindre enn ti år. I dag har me 30 mål tomatar under...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.nov
2019
kl 11:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 618340
Type
Mat & drikke
Passer for
Eldre, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Smaksoppleving gjennom tomatar og trivsel Trivsel og pågangsmot er dei viktigaste faktorane for at Lauvsnes Gartneri har femdobla produksjonen på mindre enn ti år. I dag har me 30 mål tomatar under glas, og ein produksjon på opptil 1000 tonn tomatar kvart år. Plasseringa kloss inntil Boknafjorden gir vakkert utsyn mot, hav, himmel og øyene rundt. Her trivs me godt, og det gjer tomatane også. Her får dei optimalt lys- og dyrkingsforhold. For tida er det Juanita-tomatar som dyrkast i gartneriet, men me testar stadig ut nye sortar som kan vere aktuelt å produsere i åra framover. 45 tilsette sørgjer for sunn heilårsproduksjon i gartneri, pakkeri og drift. Dagleg leiar Jan Terje Vignes har drive gartneriet sidan 2000, då han tok over drifta etter faren Geirulf som fortsatt er høgst aktiv i drifta.

Kart