Gorrlaus with Daniel Sandén-Warg & Per Anders Buen Garnås

(see English below)NO29. MAY @ RIMI/IMIR ScenekunstDører opnar @ 19.00Fyrste konsert startar @ 20.00Inngangsbillett: 150/100 kr studenter Daniel Sandén-Warg – hardingfele Per Anders Buen Garnås...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

29.mai
2020
kl 20:00

Detaljer

(see English below)NO29. MAY @ RIMI/IMIR ScenekunstDører opnar @ 19.00Fyrste konsert startar @ 20.00Inngangsbillett: 150/100 kr studenter

Daniel Sandén-Warg – hardingfele

Per Anders Buen Garnås – hardingfele

Daniel Sandén-Warg er ein spelemann og sølvsmed som bur i Setesdal. Han er opprinneleg frå Østersund i Sverige og voks opp med å spele trommer og gitar i rocke band. Så vart han ven med Magnus Stinnerbom, som kom frå ein folkemusikkfamilie og vart kjent med svensk folkemusikk. Ved eit tilfelle fekk han tak i kassetten Klunkaren, der Torleiv H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum spelte hardingfele. Så var det ingen veg attende. I 1995 kom han til Setesdal for første gong og i 1998 sa han opp jobben han hadde på Riksteatern i Stockholm og flytta til Rysstad for å lære av Hallvard T. Bjørgum. Etter kvart har han lært seg og Hylestad-dialekten for betre å forstå kulturen og forteljingane rundt slåttane. I 2005 tok han svennebrev som sølvsmed og no har han ei stilling på Agder folkemusikkarkiv.

Sandén-Warg er ein særs dedikert felespelar og har i tillegg til å lære av Hallvard T. Bjørgum studert arkiv opptak av blant anna Torleiv H. Bjørgum og Andres K. Rysstad. Han har klart å få tonalitet, rytmikk og ornamentikk frå dei gamle meisterane inn i sitt eige felespel på ein måte som svært få har klart i seinare tid.

Per Anders Buen Garnås er fødd og oppvaksen i Bø i Telemark. Som 6-åring byrja han å spela hardingfele, inspirert av to onklar; Hauk og Knut Buen, som heile tida har vore førebilete og læremeistrar for han. Som 10-åring hadde han sin fyrste solo konsert. Etterkvart blei han kjend med dei beste levande spelemennene i heimfylket, og fekk lære av dei alle – slike som Einar Løndal, Eivind Mo, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Olav K. Øyaland og Gunnar Innleggen. Buen Garnås har, i likskap med Daniel Sandén-Warg, brukt mykje tid på å høyre på arkivopptak av spelemenn han ikkje rakk oppleva, som til dømes Johannes Dahle. Han er og enormt opptatt av å få med detaljane frå dei gamle meisterane inn i sitt eige spel og har ei enorm oversikt over dei ulike spelestilane. Han har vunne spelemannsprisen 3 gonger for sine eigne utgjevingar og landskappleiken har han og vunne fleire gonger.

Sandén-Warg og Buen Garnås gav ut ei plate saman i 2008. Denne utgjevinga vitnar om to dyktige folkemusikarar frå kvar sin region kor vitousitet og framifrå musikalitet er fellesnemnarar. Me er veldig glade for at Warg/Buen avsluttar Gorrlaus sesongen før sommaren. Om du er nyfiken på kva alt dette folkemusikk spetakkelet er for noko, kan dette være eit godt høve å finne utav det. (og det er ei sterk underdriving.)

Gorrlaus er støttet av Stavanger Kommune, Arts Council Norway, and Rogaland Fylkeskommune.___

EN

  1. MAY @ RIMI/IMIR ScenekunstDoors open @ 20.00First concert starts @ 20.00 Ticket: 150/100 kr students

Daniel Sandén-Warg – hardingfele

Per Anders Buen Garnås – hardingfe

Daniel Sandén-Warg has lived in Setesdal since 1998 and has studied the culture in depth. Not only does he know most of the repertoir on hardanger fiddle and mouth harp, but he also knows the traditional work of the silversmith and is fluent in the Hylestad dialect. Sandén-Warg has studied the playing of Torleiv H. Bjørgum as well as Andres K. Rysstad through archive recordings. His most important teacher in Setesdal has been Hallvard T. Bjørgum. Sandén-Warg is a highly skilled fiddler and listener and has managed to get the very complex rhythmic and tonal details of the former hardanger fiddle pioneers into his own playing.

Per Anders Buen Garnås grew up in Bø in Telemark and picked up the hardanger fiddle at the age of 6, inspired by his uncles, who where no other than Hauk and Knut Buen. In addition to learning from them, he has learned from a lot of renowned players in Telemark such as Einar Løndal, Eivind Mo, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Olav K. Øyaland og Gunnar Innleggen. He has also spent a lot of time listening to archive recordings to learn from the players from before his time, like Johannes K. Dahle.

Per Anders Buen Garnås and Daniel Sandén-Warg released an astounding record called WARG/BUEN in 2008. This record documents two young folk musicians from two different regions with virtousity and great musicanship being common denominators. We are very exited to have Warg/Buen round off the Gorrlaus season before the summer. If you were ever considering checking out what all the Norwegian folk music fuzz is about, this would be a very good oportunity. (and that's a heavy understatement).

Gorrlaus is supported by Stavanger Kommune, Arts Council Norway, and Rogaland Fylkeskommune

Praktisk info

Enjoy-kode: 598328
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker