A Concert in December - Bergen

Alternativ julekonsert: "A Concert in December - songs of Faith, Love and Christmas" Kor: Statsraaden Bar&Reception Dato: Sundag 01.12.19, kl 20.00. Ifjor var fyrste gong denne gjenge tok denne...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.Dec
2019
8:00pm

Detaljer

Alternativ julekonsert: "A Concert in December - songs of Faith, Love and Christmas"

Kor: Statsraaden Bar&Reception

Dato: Sundag 01.12.19, kl 20.00.

Ifjor var fyrste gong denne gjenge tok denne konsertserien til Bergen og det blir ein stor suksess med utsolgt hus. No kjem dei tilbake og vonar å sjå like mange fine publikummarar den fyrste dagen i desember!

Det er elles ellevte gong på elleve år at desse gode musikarvener har gleda av å invitere til den alternative julekonserten "A Concert in December - songs of faith, love and Christmas"». Her tolkar gjengen sine favorittsongar av artistar som Nick Cave, Johnny Cash, Sigur Ros, Tom Waits, Elvis, Arcade fire, Radioehad, Sufjan Stenvens, Midnight Choir, Spain, Low, i tillegg til fleire tradisjonelle engelske julesongar. Julekonserten har tidlegare fått terningkast fem i Haugesunds Avis og Sunnhordland sine meldarar har mellom anna skreve: "Dette var ei så gild song- og musikkstund at me på vegner av oss alle i den nær fullsette kyrkja fremjar forslag om at denne konserten blir like fast og årleg som sjølvaste julekvelden", "Frysningar som varma", "Sterke kjensler i Stord kyrkje". "Det vart ein konsert fylt med trøkk, sår kjensle og kjensler som gav rom for ettertanke og glede i førjulstida. Då siste tone var spelt reiste publikum seg momentant til ståande applaus, og det gjorde det heilt klart at dette er og blir ein svært velkommen ny tradisjon for stordabuen"

Besetninga består i år, som i fjor, av Haakon Steinar Vatle (vokal, gitar), Roald Kaldestad (gitar/mandolin/banjo, vokal), Bjørn Bunes (tangentar, vokal), Frode Hammersland (bass, vokal) og Tarald Tvedten (trommer).

Praktisk info

Enjoy-kode: 482385
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.