Born in Sunnfjord - Dinner Show - avlyst

Alle vegar fører til Sunnfjord. I vertfall for Hugo Mølmesdal og hans musikalske venner. Dette blir ei musikalsk reise gjennom oppveksten til ein ung Sunnfjording på 70 og 80 talet. Alt i spedd...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.apr
2019
kl 18:49

Detaljer

Alle vegar fører til Sunnfjord. I vertfall for Hugo Mølmesdal og hans musikalske venner. Dette blir ei musikalsk reise gjennom oppveksten til ein ung Sunnfjording på 70 og 80 talet. Alt i spedd litt selektiv lokalhistorie og en dash lun humor. Ein kveld for mimring og musikalske tilbakeblikk.

Alt blir servert i små drypp gjennom kvelden akkompagnert av ein spesielt samansett meny, sjølvsagt av lokale råvare – Born in Sunnfjord.

Konsert med tre retters middag kr 950,-

Transport t/r Førde kr 195,-

Sal av drikkepakke.

Kokk Thomas Holme Smådal, Ferske Smakar.

BORN IN SUNNFJORD (Hugo vart) født i Sunnfjord i 1968. Den gang Sunnfjord var landbruksområde og ikkje vekstsenter, mor var heime og passa på barna, og farge-TV var ein uoppnåeleg draum. Musikken har infiltrert oppveksten som ung Sunnfjording gjennom 70 og 80 åra, og har tonesatt ungdomsopprør, forelskingar og kjærleikssorg. Puddelrocken sette sitt preg på russetida på handelsskulen i Førde, mens vi digga MTV musikkvideoar på Funpubben og dansa oss svette på Cherie. Bygdefestane på Breim, Fosshalla og Trudvang var sjølvsagt dei store høgdepunkta, før vaksenlivet og alvoret tok over.

Gjennom ei kombinasjon av musikalske tilbakeblikk, små historiar og lun humor får vi ei lita lokal tidsreise. Vi får møte kjende låtar frå store stjerner i ei heilt ny drakt. Kanskje nokon av dine favorittar dukkar opp, kanskje det er låtar du har gløymt og kanskje det er mulig å vekke minner.

Du får servert musikken og historiane i små drypp gjennom kvelden akkompagnert av ein spesielt samansett meny, sjølvsagt av lokale råvare – Born in Sunnfjord.

Medverkande:

Hugo Mølmesdal. Piano, vokal og kveldens vert Camilla Søvig: Vokal Tor-Ivar Flatjord: Gitarar og vokal

Om musikarane: Camilla, Tor-Ivar og Hugo har samarbeida om mange musikalske prosjekt opp gjennom tidene i ulike konsultasjonar. Tor-Ivar og Hugo er også kjent som musikarar, låtskrivarar og produsentar i det lokale bandet Månevenn som vart nominert til LUTT pris for 2017.

Praktisk info

Enjoy-kode: 415380
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker