OP kode: 321863

Kinn Søre Stauren

Du går frå rutebåtkaia og tek til høgre og går vegen utover forbi Flora Turlag si ubetjente hytte og vidare ut til Kinnakyrkja. Fortset vidare forbi kyrkja og utover på sti og du ser Kinnaklova,...
fottur
  • Oversikt
  • Kart
  • Omtaler (0)
  • Spørsmål

Du går frå rutebåtkaia og tek til høgre og går vegen utover forbi Flora Turlag si ubetjente hytte og vidare ut til Kinnakyrkja. Fortset vidare forbi kyrkja og utover på sti og du ser Kinnaklova, men ta til venstre og gå opp til høgste punkt i Høyskaret. Det er Søre Stauren som er mellom Kinnaklova og Høyskaret. Frå Høyskaret tar du til høgre og føl den merka stien bratt opp mot Søre Stauren 221 moh. Dei to knviskarpe toppane i klova vert kalla staurane. Dei ragar høvesvis 221 og 196 moh. Det er ganske luftig på toppen med utsikt til øyane og Kinnakyrkja.

Ned att kan du gå ein anna sti. Når du har gått nokre hundre meter nedover går det ein sti / tråkk ned mot eit tjern og vidare sørvestover. Gå ned i retning / mot sjøen, men drei til venstre eit stykke nedi. Det går eit dyretråkk nedover og det begynner å bli tilrodd. Deretter går ein vidare tilbake til rutebåtkaia på sørsida.

På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassane som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Følg stien på sørsida tilbake til kaien.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente hytte. Den er låst med DNT nøkkel.

Fakta

Type
Turer
Avstand
6.1
Varighet
120 min
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst, Vinter
Målgruppe
Voksen, Baby, Eldre, Barn, Ungdom

Praktisk info

info
Rutebåt til Kinn

Omtaler (0)

Takk! Ditt spørsmål er nå registert. Forhåpentligvis vil noen legge ut et svar om kort tid. Du får en e-post når spørsmålet ditt blir besvart.

Takk! Din omtale er nå registrert og du har nå fått 15 poeng som takk! Fortsett den gode jobben!

Spørsmål (0)

Takk! Ditt spørsmål er nå registert. Forhåpentligvis vil noen legge ut et svar om kort tid. Du får en e-post når spørsmålet ditt blir besvart.

Takk! Din omtale er nå registrert og du har nå fått 15 poeng som takk! Fortsett den gode jobben!