star
star
star
star
star

Skorpa Rundt øya

Rundt øya via Båsundet: Start på kaia og ta til høgre i vegkrysset. Etter eit lite stykke tek ein til venstre og går langs med vatnet og fylgjer den merka stien til ein kjem til skiltet Båsundet....

Praktisk info

Enjoy-kode: 274731
Rutebåt til Skorpevågen Det er uthavn på Æsøysundet
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rundt øya via Båsundet: Start på kaia og ta til høgre i vegkrysset. Etter eit lite stykke tek ein til venstre og går langs med vatnet og fylgjer den merka stien til ein kjem til skiltet Båsundet. Då går ein til venstre, ned til sjøen og fylgjer stien som er tydeleg og godt merka med pålar med raude plastband. Ein kan gå tilbake til kaia der skiltet til Skorpevågen viser veg, men det er ein vakker tur å gå rundt øya, forbi Tobbevika og langs sjøen ut i Båsundet. Spesielt er det fint å gå her ein kveld med sola vest i havet. Frå Båsundet går turen vidare på vegen forbi Æsøyna og innatt på sørsida av øya. Turen går i lett terreng og høver godt også med små born. Det er fint å leike og bade i fjærene, til dømes på Melkesanden, vika rett mot vest mot Båsundet.

Utgangspunktet for turen er kaia i Skorpevågen der rutebåten legg til. Æsøysundet der det er lagt ut flytebrygge. Frå Æsøya til kaia er det litt over 1 km å gå på vegen. Ved vatnet på Sør Skorpa er det laga til ei badestrand der ein også kan låne kano og redningsvestar. Informasjon om dette finn ein både i huset på kaia og ved badeplassen