GÅTE - på FolkJazzScena

No kjem GÅTE si tredje plate - og no kjem Gåte til Førde! 14 år etter Iseliljaslepper Gåte sitt nye album Svevn,2. november. Sidan 1999 har Gåte sitt største ønskje vore å skape noko som kan...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.nov
2019
kl 21:30

Detaljer

No kjem GÅTE si tredje plate - og no kjem Gåte til Førde!

14 år etter Iseliljaslepper Gåte sitt nye album Svevn,2. november.

Sidan 1999 har Gåte sitt største ønskje vore å skape noko som kan løfte publikum ut av kvardagen og inn i eit musikalsk univers. Til ein stad der dei kan kjenne lukta av fortid og vandre i støvet av historiene som kom før oss. Ein stad der berre fantasien set grenser for korleis du opplever det du høyrer og ser når du lyttar til Gåte.

I søvne kjem draumane. I draumane er fantasien endelaus, og tida tidlaus. Når vi søv, stoppar tida. Svevnen er som ein pause i livet. Difor har den Gåte si første plate sidan 2004 fått tittelen Svevn. Plate vert sleppt 2. november, og inneheld singlande Kom no Disjka, Bannlyst og åtte andre nye låtar. Dette er sjølvsagt også ei oppfølging av comeback-Epen frå i fjor, Attersyn.

Dette er Gåte si tredje studioplate, etter debuten Jygri (2002) og Iselilja, platene som gjorde at bandet fekk stor suksess med sin rock ispedd element frå tradisjonar. I denne perioden selde dei meir enn 100 000 plater, gjekk til førsteplass på VG-lista og fekk fleire prisar, mellom anna Spellemannpris og Prøysenprisen.

På Svevn har Gåte, i tett samarbeid med tekstforfattar Knut Buen, laga heilt ny musikk. Musikken kjennest som ei naturleg forlenging av det Gåte har gjort tidlegare. Dei byggjer vidare på tradisjonsmaterialet som før var hovudingrediensen i Gåte sitt univers.

  • Vi syns det har vore veldig fint å komme tilbake etter så mange år. Alle har vi gjort oss mange ulike og viktige erfaringar sidan forrige runde. Alt det tek vi med oss inn at i Gåte, i den tru at vi no er klokare, dyktigare, meir medvitne og meir samla enn vi nokon gong har vore, seier bandet.

Gåte fortel at det å ha med Knut Buen som tekstforfattar er ei gåve for dei. Buen seier sjølv at dette er både utfordrande og spennande arbeid. - Her skal det ikkje vere nokn amputerande sensur av arkaisk ordforråd. Tvert imot skal dialektar og norsk språkglede begeistre og ausast ut til folket, på det mytiske og musikalske viset Gåte er kjende for, seier Buen.

Gåte er Gunnhild Sundli (vokal), Sveinung Sundli (Fele, keyboard), Magnus Børmark (gitarer, kor), Mats Paulsen (bass, keys, kor), Jon Even Schärer (trommer, perk).

Aldersgrense 20 år. Dørene opnar kl 20.30.

Praktisk info

Enjoy-kode: 258743
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.