100 songar // Innvik

100 SONGAR Norgespremière Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

28.feb
2020
kl 19:00

Detaljer

100 SONGAR

Norgespremière

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann.

«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55.

Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.

«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar».

Framsyninga vert spelt i «black-box» som har eit avgensa tal plassar. Det er kun plass til 60 stk på denne intimframsyninga.

AV Roland Schimmelpfennig OMSETJING Tove Bakke REGISSØR OG SCENOGRAF Terje Skonseng Naudeer LYSDESIGN Krystian Myska LYDRobert Tomkiewicz KOSTYMEKONSULENT/REKVISITØR Synnøve Ringdal Colombine Teaterforlag

MEDVERKANDE Idun Losnegård Irene Waage Jon Ketil Johnsen Kyrre Eikås Ottersen Preben Lillebø Rongve Reidun Melvær Berge

Praktisk info

Enjoy-kode: 238730
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker