Gaming og e-sport

Funn frå barn- og medier undersøkinga frå 2018 viser at 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9–18 år spelar dataspel. Hausten 2016 var Arna vidaregåande skule først ute på...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

12.jun
2019
kl 21:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 204805
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Funn frå barn- og medier undersøkinga frå 2018 viser at 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9–18 år spelar dataspel. Hausten 2016 var Arna vidaregåande skule først ute på landsbasis med å opprette ei eiga e-sportslinje som ein del av toppidrettstilbodet. Våren 2019 signerte SK Brann sine første profesjonelle e-sportsutøvarar, og diskusjonen om e-sport skal bli ein del av dei olympiske leikar er gloheit. I Hordaland byggast det no hallar med eigne rom dedikert til e-sport, og idrettslag tilbyr tilrettelagt trening for e-sportsutøvarar.

Samtidig som dette skjer er inaktivitet ein av dei største helseutfordringane vi har på verdsbasis. Mange foreldre er bekymra for sine barn som sit stille i timesvis framfor ein skjerm kvar einaste dag. Idrettscampus Bergen invitera til ein opplysande sofaprat der vi blant anna vil ta opp følgande:

  • Kva er forskjellen på e-sport og gaming?
  • Er e-sport idrett?
  • Fostrar dataspeling inaktivitet?
  • Kva er det positive med speling?
  • Korleis påverkar speling barn og unge fysisk og mentalt?
  • Kva er forskjellen på ein e-sport utøvars kvardag og ein idrettsutøvars kvardag?
  • Kva kan idretten lære av e-sport og motsett?

I sofaen treff du:

Paul Joachim Bloch Thorsen – seksjonsoverlege, Energiteamet & Barneposten, PBU, Helse Bergen og grunnleggar av Bergen E-sport akademi Anders Rasmussen – SK Brann sin aller første e-sport spelar Michael Jørgensen – coach Olympiatoppen Jørgen Johannesen aka XeqtR – bergenseren som har ei fortid som ein av verdas beste e-sport utøvarar i strategi- og lagspelet Counter-Strike Per Tøien – idrettspolitisk rådgiver Norges Idrettsforbund

Kart