star
star
star
star
star

Reksta

På Reksta er det fint å gå tur rundt øya eller over dei tre fjella Harefjellet, Vasslifjellet og Indre Rekstafjellet eller Storefjellet som det vert kalla. På sørsida går ein delvis på veg og sti...

Praktisk info

Enjoy-kode: 200962
Med rutebåt til Rognaldsvåg eller Selevågen
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
6.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På Reksta er det fint å gå tur rundt øya eller over dei tre fjella Harefjellet, Vasslifjellet og Indre Rekstafjellet eller Storefjellet som det vert kalla. På sørsida går ein delvis på veg og sti langs sjøen. På nordsida går det asfaltert veg til indre Reksta. Stiane over fjella er merka med pålar med raudt på, langs sjøen og til Trollhola er det merka med blått. Rutebåten går til både Selvåg, på austre enden av øya og Rognaldsvåg som ligg lengst vest på øya. Rognaldsvåg er eit godt bevart og fortetta fiskevær. Her er det butikk, kafe og gjestebrygge.

På nordsida av Reksta er Trollhola, som også kan vere eit spennande turmål. Her er det viktig å ha med seg lys. Stien dit er merka frå toppen av skaret ved indre Reksta. Kortaste vegen til Trollhola er å starte i Selvåg, og gå nordvest - motsett veg av Sunnivaleia. Etter ca 15 minutt ser ein ei stor revne oppe i fjellet. Inne i Trollhola går det litt bratt nedover på sandete og steinete underlag, til ein kjem til eit litt større "rom". Hola går ca 50 meter innover i fjellet, men for å komme til den inste delen må ein klatre opp på eit platå og ned igjen forbi eit overheng. Der treng ein tau eller stige for å komme ned og opp igjen. Trollhola er eit spanande turmål for heile familien.

På Midtre Rekstafjellet ta turen bortom SjekkUT punktet der er fin utsikt.

Reksta på langs, trefjellstur frå Selvåg er den finaste turen. Då går ein med lyset og sola og kjem ned i Rognaldsvåg. Men det er ein fin tur å gå andre vegen også. Frå Selvåg går turen forholdsvis bratt opp til varden på Storefjellet, 173 moh. Her det flott utsikt innover skipsleia og til Askrova. Ein går langs ein spektakulær fjellrygg vestover og ned mot indre Reksta. Her går ein vidare opp til Vasslifjellet og Likkjevatnet,160 moh. Etter ein bratt nedtur via Djupedalen til Storevatnet, går ein i flatt terreng til vegen mot ytre Reksta. Her i Råsa går stien bratt opp mot Harefjellet. På toppen går du langs ein fjellrygg, med flott utsikt mot nord. Etter å ha kryssa Rognaldsvåg vassverk, går turen opp til Harefjellet 220 moh. Her kan ein nyte ei fantastisk utsikt, i alle himmelretningar før bratt nedstigning mot Rognaldsvåg.

Eit alternativ er å gå over Storefjellet, langs sjøen på sørsida og over Harefjellet.

Reksta har også si pilegrimsrute som er ein del av Sunnivaleia, ei pilegrimsvandring på sjø og land, frå Florø til Selja. Den merka turen går frå Selvåg til Rognaldsvåg. Rett ovanfor kaia i Selvågen går ein til venstre på sørsida av øya, gjennom grendene Indre og ytre Reksta. Turen vekslar mellom godt opptrakka og merka sti og asfaltert bygdeveg. På turen kan ein oppleve eit rikt fugleliv og sjansen for å møte på sauer undervegs er svært stor. Forholdsvis flatt terreng, med lyng og grasmark, litt steinete i starten.