Kurs: Balkanmusikk for blåsarar med Marko Markovic (vidarekomne)

2-DAGARS KURS: Laurdag 6. juli kl. 09:30-11:30 og søndag 7. juli kl. 09:30-11:30 Førde barneskule Balkanmusikk for blåsarar (vidarekomne) Instruktør: Marko Markovic Spelar du eit...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

06.jul
2019
kl 09:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 148630
Type
Læring
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

2-DAGARS KURS:

Laurdag 6. juli kl. 09:30-11:30 og søndag 7. juli kl. 09:30-11:30

Førde barneskule

Balkanmusikk for blåsarar (vidarekomne)

Instruktør: Marko Markovic

Spelar du eit blåseinstrument? Då er dette ein sjanse du ikkje vil gå glipp av! Her kan du nemleg suge kunnskap frå ein av Balkans desidert beste trompetistar! Du får lære grunnleggande trekk ved den balkanske og Aust-Europeiske blåsetradisjonen, som har tatt verda med storm gjennom orkester som Fanfare Ciocarlia, Boban Markovic Orkestar og Marko Markovic Brass Band, som er ein av hovudartistane på årets festival.

Dette er eit todagars kurs der du får med deg typiske trekk i balkanmusikken og får lære nokre av dei særeigne rytmane, ornamenta og improvisasjonsteknikkane i denne spanande og varierte musikktradisjonen. Kurset er gehørsbasert, altså ikkje bruk av notar, og det er ein fordel at du har spelt ei stund og er van med å spele i orkester/band/korps.

Marko Markovic arva sin lidenskaplege kjærleik til musikk frå faren sin, den legendariske trompetkongen Boban Markovic. Marko byrja å spele som 5-åring, og spelte i farens orkester i mange år, før han starta sitt eige brass band. Marko har meir enn 1000 konsertar bak seg i konsertsalar og på festivalar over heile verda, og no har du altså sjansen til å møte og lære av han på nært hald!

Ta med eige instrument.

Få òg med deg Gallakonserten laurdag 6. juli og avslutningskonserten i Idrettshallen søndag 7. juli, der Marko Markovic Brass Band opptrer.


Music workshop on Balkan and Traditional and modern Romani brass music.

The leader of the seminar is Marko Markovic will demonstrate and reveal the secret of Balkan and Eastern European ethnic music with the focus on the equality and difference in the ornaments, rhythms and improvised music from the Balkans.

The participants are supposed to play any wind instrument. There is no certain age limit, but it is recommended that the participants have some experience in playing in an orchestra / band. The workshop is not based on work with music notes, it is exclusively based on participants' ear for music.

Kart